Bjørndalens historie

I følgje Ryghs “Norske gaardnavne” vart garden frå gamalt kalla Biørndal.  Det er fleire teoriar om opphavet til namnet, som kan ha same bakgrunn som Bjørnbeit, at det var tilhaldsstad for bjørn, og historier om bjørnefangst stør denne teorien. Alternativt kan namnet ha kome frå elva, Bjørndalsbekk, kan hende tidlegare kalla Bjørna, eit vanleg elvenamn.

Bjørndalen er vel den garden i Orkdal som ligg høgast over havet, 365 moh. Til sammenlikning ligg Søvasslia 325 moh og Songlia 300 moh.

Bjørndalen er også ein av dei mest avsidesliggande gardane i Orkdal. I luftline er det ca. 4 km til dei tre næraste fjellgardane i kvar retning, Songlia, Fjellkjøsen og Grytdal. Og då er det langt att til bygds.

Frå før Svartedauden

Truleg vart garden rydda før Svartedauden i 1349-50. Garden blir rekna blant dei eldste buplassane i traktene. Det er nedskrive kven som har vore brukarar av garden heilt attende til 1557. I 1590 er Bjørndalen med i krongodset som går under namnet Holms gods. I Orkdal var det fleire slike markagardar, men Bjørndalen vart den som eksisterte lengst.

Gamal ferdselsåre

Frå gamalt av var det ei ferdselsåre over Bjørndalen, mellom Snillfjord og Orkdalen.  Vegleia frå Snillfjord til Orkdal gjekk gjennom garden, og den er omtalt alt i Sverressoga rundt 1170. Da drog Bård Guttormsen frå Snillfjord til Gjølme, der han besøkte den seinare kona si, Cesilie Sigurdsdotter, søstera til kongen. Vegen frå Bjørndalen til Gjølme er grei. Men frå Snillfjord til Bjørndalen er det fleire alternativ. Den mest omtalte er gjennom Bergsgrenda opp Grytdalen forbi Svarttjønna til Bjørndalen.  Snillfjordingane kom då opp Grytdalen over Svarttjønndalen til Bjørndalen. Vidare om Fjellkjøsen ved austenden av Fjellkjøsvatnet. Deretter over høgdedraget om Våmyra og ned til garden Tungen (gamle Snillfjordingar seier “Tunglien”) og så ned til Råbygda. Strekninga Våmyra — Råbygda var nok felles med ferdsel til og frå Songli.

Elles blir det fortald at Bjørndalsbonden brukte kløyvhest for å frakte varar til og frå bygda om sommaren. Sjølv brukte han båt, mens hesten gikk aleine rundt vatnet. Når folket på garden såg Bjørndalsbåten komme over Fjellkjøsvatnet, vart grinda opna slik at hesten — som kom først, fekk koma inn på garden. Den gamle ferdselsåren over Bjørndalen vart avløyst av ny veg vest for Våvatnet —der dagens trafikk går på riksveg 714. Bilvegen vart ferdig på 1930-talet.

Middels stor Orkdalsgard

Etter svartedauen er Bjørndalen først omtalt i skipsskatten 1557. Etter det var garden busatt heilt fram til 1907. Bjørndalen var ein middels stor Orkdalsgard. I 1723 var det to hestar, åtte kyr og 12 småfe på garden, mens ein gjennomsnittleg Orkdalsgard hadde 1,1 hest, 6,7 kyr og 8,8 småfe.

Det har også vore mykje skogsdrift i området. Dei næraste sagene var i Fjellkjøselva, i Grytdalselva nedom Stokkhaugane, og i Songlia, og i Grytdalselva i Mjølfossen ved Grytdalsgarden.

Bjørndalen var udelt til 1791. Då vart garden delt i to, Bjørndalen til Erik Knutsen Sundli og Nysætra til Jon Jonsen Megarden. Bjørndalen vart i 1798 selt til Simen Jonsen Forve, og denne slekta bodde her til 1896. Da vart garden solgt til Johan Aali fra Snillfjord og Johanne Toresdotter Esp frå Håvardsdalen. Det fortelles at Johanna hadde sånn heimlengt til Håvardsdalen at ho kvar søndag ettermiddag heile sommaren gjekk til toppen av Drevfjellet for å sjå ned til heimplassen i Ingdalsskogene. Dei selte til Thams i 1909. Ola Krokstad (Kvaale) forpakta garden i seks år. Da dei flytta i 1915 hadde dei to hestar, 16 sauer og 54 mjølkegeiter.

I 1805 kjøpte bønder frå Melhus Nysætra som sæter, og i 1806 vart halve utmarka på Bjørndalen utskilt og solgt til Melhus-bønder. Dette var Grøndalslia med sætra i Grøndalen. Melhusingane vart på Nysætra til 1838, og i Grønlia til bortimot 1875. Det siste Bjørndalsfolket var Anders Bentsson frå Ålia i Snillfjord og Johanna Tordsdatter Håvardsdalen, som budde i Bjørndalen i tolv år fram til februar 1909, då dei flytta til Kirkaune på Ustjåren, 2 år etter at Thams kjøpte garden.

Thams-tida

Thams fikk etter kvart interesser i området, og han kjøpte opp rettane til jakt og fiske i 1894. I området Våvasslia/Skotlia kjøpte Thams jakt og fiskerettane rundt 1899, men Sognli Jagtklub fekk ikkje kjøpt eiendommane før i 1913.

Thams kjøpte Bjørndalen i 1907. Christian Thams ville etablere eit privat jaktterreng med utgangspunkt i Songli, og gjorde sine oppkjøp i området.  I 1907 innlemma han Bjørndalen i ”Songli Jagtklub”s revir. Overtakinga gjekk ikkje smertefritt. Konsesjonslovene var vedtekne, og dersom Thams ville behalda Bjørndalen, måtte garden bli driven som gardsbruk med fast busetting.  Det vart difor forpakta til Ola Krokstad (Kvaale), som dreiv den i seks år. Då han og familien flytta frå garden hausten 1915, hadde dei 8 melkekyr, 2 hestar, 16 sauar og 54 mjølkegeiter.  Det siste året måtte dei ha geitene i ei innhegning ved Furtjønna og bar mjølka derfrå.  Dei fekk ikkje lov av Thams å ha geitene nær gardshusa.  Bjørndalen fungerte etter dette som sæter. Lars Blåsberg bodde så ei kort tid på Bjørndalen. I eit memorandum frå 1926 blir han pålagd frå Thams å føre oppsyn med dette området mens han budde på garden. I tillegg skulle han vedlikehalde bygningane som han brukte. Material skulle bli utlevert frå Songli. Seinere vart garden driven frå Songli og kunne best bli samanlikna med utmarksslått. Graset vart hausta og høyet lagra for framkøyring til Songli på vinterføre. I samband med det, vart det sett opp høyløe mellom garden og Grønhaugen.

Kjelder:  Korsvegen, Oppom grinda og Frå fjord og fjurru, Svein Bonvik, 2010 Historien om Songli, Direktoratet for Naturforvaltning , 2003

Til historisk oversikt

Husa på Bjørndalen før 1926.  I Thamstida vart buret flytta til austenden mellom låna og fjøset.  Låven/ geitfjøset foran låna vart riven. Ukjend fotograf

På skoletur 1956. Foto: Svein Bonvik

Christian Thams hadde krav til brennevinet på Bjørndalen i 1918. 5 1/2 flaske skulle vera på plass, og vi kan fortsatt lese det på ei skapdør i kjøkenet.  Foto: Mads Løkeland, 2018

Bjørndalen i dag. På våren og frå slåttedugnad i 2017 og 2018. Foto: Steve Halsetrønning