Fjellgardar og engsletter frå Våvasslia mot Grytdalen

Historia til området Våvasslia-Skotlia er lite kjent, men her har det i løpet av 300 år vore fire gardar og mange engsletter. Ein av gardane ligg i Snillfjord, mens resten er i Orkdal. Ein må gjøre eit unntak for Skotlia. Dette området låg i Børsa (Geitastrand) på 1600-tallet, men når Orkdalsgardar fekk dominerande interesser her, vart det rekna som ein del av Orkdal.

Det som nok vil forbause mange er at det var gardar sentralt i Orkdal som hadde interesser her: Rømme, Evjen, Øyen ved Follo, Gjesvål, Gjølme og Andøl. Etter kvart skifta eigarforholda, og tidleg på 1800-tallet fekk Sundlia interesser her, men gardar på Ustjåren vart dominerande.

Tidleg på 1600-tallet var det stor sagbruksaktivitet i området. Det var to sager ved Songlia, ei ved utløpet til Våvatnet, og sannsynlegvis ei ved utløpet av Songsjøen. Det var også to sager i Grytdalen, ei lengst ned i dalen, ved Mjølfossen, og ei lengst opp i dalen, i fossen nedom Skotthaugane, like ved vegen til Hjortdalshytta. Denne siste saga vart kalla Bjørndals sag da det var drift der 1637-1640, og Grytdalds sag i neste periode tidleg på 1660-tallet.

For Ytre Våvasslia har vi opplysningar om husdyr og produksjon på to tidspunkt. Ved kvegskatten i 1658 har garden ein hest, 15 kyr, 14 geiter og 12 sauer. Dette tyder på ein relativt stor gard. Ved matrikkelrevisjonen i 1723 låg garden øyde, men det er opplyst at garden kunne ha ein hest, tre kyr, to ungnaut og seks småfe. Det er påfallande stor forskjell på desse opplysningane.

I tabellen under sammenlignes talla på husdyr for gardane i området med snittet for gardane i Orkdal. I tabellen er kyr og ungnaut slått sammen til gruppa storfe, mens sau og geit er slått sammen til gruppa småfe:

Hestar Storfe Småfe Svin
Ytre Våvassli 1657 1 15 26
Songli 1657 3 11 17
Bjørndal 1657 3 12 14 1
Snitt pr. gard i Orkdal 1657 1,2 6,5 7,4 0,7
Ytre Våvassli 1723 1 5 6
Midtgarden Våvassli 1723 1 4 0
Songli 1723 2 6 7
Bjørndal 1723 2 8 12
Grytdal, øde 1723 2
Snitt pr. gard i Orkdal 1723 1,1 6,7 8,8

 

Vi ser at gardane i området hadde fleire husdyr enn gjennomsnittet for Orkdal i 1657, mens dei var meire som gjennomsnittsgardar i 1723 når ein ser bort fra Grytdal.

På andre halvdel av 1700-tallet hadde dei tre Våvassligardane samme eigar, Ole Knudsen Våvassli. Yttergarden vart etter kvart solgt, men ved folketellinga i 1801 var to av borna hans eigarar av dei to andre gardane, Rasmus av midtgarden og Knud av innergarden.

Våvasslia var ein av dei mest avsidesliggande gardane i Gangaas skolekrets. Likevel var Indre Våvassli skolelokale for omgangsskolen, ei veke om gongen, i fem periodar mellom 1846 og 1859.

På slutten av 1800-tallet fikk Thams interesser her. Først var det jakt- og fiskerettigheter han var interessert i, og skaffa seg desse rundt 1898. Så var det rettigheter til å regulere Våvatnet, i forbindelse med utbygginga av kraftverket i Skjenaldfossen. Rundt 1913 vart eiendommene oppkjøpt, og overført til Sognli Jaktklub A/S.

I 1918 fekk Sognli jaktklub A/S laga kart over eiendommene sine. Arbeidet vart utført av Fjellangers oppmåling, og var det første store oppdraget til dette etter kvart så kjente firmaet. Oppdraget resulterte i seks flotte kartblad med unik informasjon. Men for området vi skriv om her har det sneket seg inn ein feil: Gisvoldslettet og Rømmeslettet har bytta plass. Gisvoldslettet er plassert i lia oppom Åmottjønna, der Øvre og Nedre Rømmesbekken ligg. Men som vi skal sjå under var Gisvoldslettet og garden Indre Våvasslia det samme området, så Gisvoldslettet må være der ein finn murane etter Indre Våvasslia, også kalt Våvasslihaugen

I avskrifter av folketellinga i 1801 er det ført opp to familier i Våvasslia, ein gardmann og ein husmann. Men som vi skal sjå under, var dette to sjøleigande bønder, brødre som hadde kvar sin gard. I gotisk er det vanskeleg å skille mellom g og h, så i dette tilfellet er nok uttrykket gmd tolket som hmd.

Til historisk oversikt