Historisk
Songli har ei lang og mangeslungen historie.
Her vil vi gje deg nokre smakebitar frå denne historia, både frå gamalt av, under Thams periode, og i tida etter krigen, då Songli forsøksgard var eit senter for biologisk forsking på mange område, ikkje minst på hjort og røye.
Det tidlegare Direktoratet for Naturforvaltning (no ein del av Miljødirektoratet), har skrive eit notat som er vel verd å lese: Historien om Songli-DN-notat 4-2003
Ikkje så godt kjend at Songli er sentral i historia om den norske beverbestanden.
Orkdal har ei viktig stilling i den norske historia om reetableringa av bever. I Europa var det berre nokre få lommer av overlevande bever ved førre århundreskiftet, og i Skandinavia var det berre ein liten bestand på rundt 100 dyr ved Arendal. I regi av Christian Thams vart det frå denne bestanden sett ut to bever på Songli ved Åmottjønna i 1926 og eit par ved Songsjøen i 1928. Utsettinga i 1926 var den andre utsettinga i Noreg, etter ei utsetting i Vefsn i 1925. Utsettinga på Songli vart vurdert som den mest vellukka i landet, men den siste beveren etter denne utsettinga døydde i 1961[1]. I 1968 vart det sett ut bever i området på nytt, og i 2017 vart ringen slutta, ved at beveren etablerte seg ved Åmottjønna i Songli/ Grytdalen der den vart sett ut i 1926.
[1] Forekomst og utsettinger av bever, Ola Arne Aune, Trondheim Turistforening 1967. http://www.tfb.no/db/trondheimturistforening/3_9_20090724_101817.pdf
Små historiske blikk frå Songli
- Songli, gardstunet i dag
- Aunesætra
- Bjørndalens historie
- Dampbåten l’Aiglon på Våvatnet
- Finnbuenget
- Fjellgardar og engsletter frå Våvasslia mot Grytdalen
- Fløtingsdammar i Grytdalen
- Grytdalsøyan
- Grønndalsetra
- Sognli Jagtklub AS
- Hjortdalen
- Innergården Våvassli, Gjesvålslettet
- Kjerringspranget
- Melandsøyan og Rasmusbolet
- Midtgarden Våvassli
- Namna Hjortdalen og Bjørndalsslettene
- Rømmeslettet
- Skottlia
- Snillia
- Svarttjønnhytta
- Ytre Våvassli
- Øyaslettet
- Åsætra
Folke Forfang har vald ut og sett saman forteljingane – nokre er nyskrivne, og andre er henta frå Songlis historie (Direktoratet for Naturforvaltning)

Utsetting av bever ved Åmottjønna i 1926. Matty Thams til høgre. Fotograf: Sannsynlegvis Christian Thams