Innergården Våvassli, Gjesvålslettet

Innergarden Våvassli, også kalt Våvasslihaug,var det samme som Gjesvålslettet. Fram til rundt 1730 var det bare engsletter her, som tilhørte garden Gisvold på Fannrem.

I 1662 gav Gisvoldslettet 20 lass høy. Det skulle gitt 1 ort 16 sk i skatt, men fordi Gisvold var fogdegard hadde garden skattefritak.

Ut frå kirkebøkene må det ha bodd ein husmann her frå rundt 1730. Han fikk borna Ole i 1729, Samuel i 1731, og Iver i 1733. Knut døydde i 1757.

Sønnen Ole Knudsen overtok plassen, og gifta seg i 1761 med Mari Rasmusdtr. Dei fekk borna Knud i 1761, Rasmus i 1763, Ole i 1765, Ingebor i 1770 og Erik i 1772.

I 1772 kjøpte Henrik Schiødt i Trondheim Gjesvold. I 1774 solgte han Gjesvoldslettet på 6 ml til Erik Knutsen Engan. Han videresolgte det to år etter til Ole Knudsen Våvassli.

Ole Knudsen døydde i 1787.

Sønnen Rasmus vart i 1788 gift med Johanna Knudsdotter Solem, og overtok da sannynlegvis Midtgarden Våvassli. Sønnen Ole vart i 1796 gift med Kari Olsdotter Gjønnes.

Sønnen Knud overtok Innergarden Våvassli. Han vart i 1790 gift med Ane Knudsdotter Solem, sannsynlegvis søstera til brorens kone. Dei fekk ein sønn Ole, som døydde i 1794.

Ved folketellinga i 1801 var Knud Olsen 41 år. Kona Ane Knudsdotter var 39 år. Dei hadde borna Solo (Solaug) på 6 år og Knud på 5 år. Garden hadde også ei tjenestepike Berit Nilsdotter på 11 år.

I 1812 solgte Knud Olsen 4 ml av garden på 6 ml til Ole Johnsen Haugen og Jørgen E Sundli. Ole Jonsen solgte halve sin eiendom i 1820 til Sivert Ingebrigtsen Haugen. Ifølge Orkdalsboka overtok sønnen, Ingebrigt Sivertsen Haugen gardparten i 1843. Han må ha bodd her ein periode, for 31 mars-5 april 1856 holdt han lokale for omgangsskolen her.

Jørgen Sundli solgte sin part til Ole Jonsen i 1845. Ole Jonsen, også kalt Ole Jonsen Stokken, vart boande på Våvasslihaug. Han vart gift med Ingeborg Larsdotter, og dei hadde borna John født 1828, Lars født 1834 og Knud født 1836. Mens Ole Jonsen bodde her var det skolelokale for omgangsskolen tre ganger, 5-10 oktober 1846, 6-10 november 1854, og 5-10 november 1855.

Det må ha bodd folk her minst til 1859, for da hadde Ole Olsen lokaler for omgangsskolen her fra 10 til 15 oktober. Men ved folketellinga i 1865 er det ikkje folk her.

Kirkeboka for vaksinerte viser også at det i 1859 bodde ein mann her som heitte Bent Estensen med dottera Karen.

Innergarden Våvassli tilhørte garden Haugen på Ustjåren og ein gard i Sundlia til Salvesen & Thams og deretter Songli Jaktklubb A/S kjøpte garden i 1913.

Husa på innergarden stod i alle fall til 1954. Folk frå bl.a. Sundlia leide sæter/slåtteng opp imot 1956 og hadde med seg gris når dei drog dit for sommeropphold. I 1956 vart heile heile innmarka planta til med gran.

Resten av Gisvoldslettet

To marklag, 1/3 av Gjesvålslettet, var ikkje med i salget av Innergarden Våvassli ii 1812. Halvparten av dette var før 1818 solgt til Ingebrigt Sivertsen Eggan, og andre halvparten var før 1829 solgt til Ingeborg Jørgensdatter Sundli.

Rømmeslettet var solgt til dei samme eigarane, og desse delene av Gisvoldslettet vart derfor etter dette ein del av Rømmeslettet.

Til historisk oversikt