Midtgarden Våvassli

Midtgarden Våvasslia er første gong nevnt i 1661. Garden var skyldsatt til 6 ml, med kongen som eigar og Tørris som leilending. Ved manntallet i 1664 var Tørris Olsen 60 år, og han hadde to sønner, Ole Tørisen på 20 år og Anders Tørisen på 16 år.

I eiendomsmatrikkelen 1666 får ein derimot andre opplysningar: «Waavasslie som aff alders er brugt under Øfuien [Evjen] for bliffuer der under frembdeles». Videre står det at eigaren har overdratt eiendommen til Christofferser Caspersen Skjøller. Han står da også som eigar i 1669 og 1670.

I 1701 er det som husmann under Evjen ført soldat Jørgen Joensen på 30 år, med stesønn Ole Andersen på 15 år og inderst Joen Jørgensen på 70 år, som vel er far hans. Det går ikkje fram av manntallet kor denne husmannsplassen er, men når vi held det sammen med kirkeboka er det ingen tvil: Denne husmannsplassen er Våvasslia.

Anders Tørisen overtok på Våvasslia etter far sin, men Evjen hadde overtatt som eier slik at Anders var husmann. Under dei store sjukdomsepidemiane i 1695-98 døydde Anders Tørisen Vaavasli på 43 år i april 1696, og barna Beret på 1 år i april 1695 og Joen på eit halvt år i juni 1996.

I 1697 gifta Jørgen Joensen Hofset seg med Kirsti Nielsdotter Vaavaslie, og bosatte seg der. Kirsti var sannsynlegvis enka etter Anders Tørisen. Vi finn fire barn etter Jørgen og Kari: Anders født 1698, Ingeborg født 1699, Nils født 1702 og Joen død 26 år i 1730. Dattera til Anders Tørisen, Ingeborg Andersdotter Vaavaslie gifta seg i 1713 med Iver Arnsen Atvendingen.

Jørgen gifta seg opp att i 1720 med Beret Samuelsdotter. Dei fekk barna Samuel i 1721 død 1727, Fredrik i 1723 død 1724, Fredrik i 1725 død 1725, Aren i 1726, Kiersten i 1730, Kari i 1732, og Beret i 1734.

Sønnen til Jørgen, Anders Jørgensen, gifta seg i 1724 med Kari Samuelsdotter Gangaas. Dette kan være søstera til Beret Samuelsdtr som var gift med faren. Dei fekk dattera ingeborg i 1726.

Beret Samuelsdotter døydde 40 år gammel i 1734, og Jørgen Joensen døydde 74 år gammel i 1741.

I 1723 er Våvasslia husmannsplass under Evjen. Det er kvern i Våvasslia, det er ein hest, tre kyr og fire ungnaut, det kan produserast 30 lass høy, og det kan bli sådd to tønner blandkorn.

Sannsynlegvis overtok husmannen på Gjesvålslettet, Ole Knudsen, innergården når Jørgen døydde. Første gongen eg har sett Våvassli som sjøleigargard er i 1779, med Ole som eigar. Ut frå den matrikkelen vart det da sådd ei tønne halvbygg på garden. Ole døydde i 1787. Sønnen Rasmus vart i 1788 gift med Johanna Knudsdotter Solem, og overtok da sannynlegvis Innergarden. Dei fekk ein sønn i 1796 som døydde samme år.

Ved folketellinga i 1801 var Rasmus Olsen sjøleigar her. Han var 39 år, og gift med Johanna Knudsdotter, 32 år. Dei hadde fire barn: Ingbor 10 år, Maeia 7 år, Knut 5 år og Solo (Solaug) 2 år. I tillegg var ei datter Marie født i 1800 og en sønn Ole i 1801. Mor hans, kårenke Maria Rasmusdotter på 70 år og drengen Johannes Andersen på 18 år bodde også på garden.

I 1807 kjøpte Rasmus Olsen garden Svelstad på Ustjåren, og flytta dit. Etter dette er det slutt på fast bosetting på Midtgarden Våvassli, garden vart underbruk av gardar i bygda, i hovedsak på Ustjåren.

I 1814 delte Rasmus Olsen Våvasslia likt mellom dei fire gjenlevende barna sine, Ingebor, Knut, Solaug og Ole. Ole døydde samme året, og Knut overtok denne parten i 1838. Ingebor døydde i barselseng samme året, og mannen Ole Christensen Ustmo overtok. Etter dette tilhørte Våvasslia tre gardar på Ustjåren, Ustad, Haldogard og Ustmo, mens den siste delen tilhørte Kråkdal.

I 1913 overtok Sognli jaktklubb A/S eiendommen. I 1930-åra var det arbeid for å få kjøpt opp jord for å få starta nydyrkingsbruk. Dette resulterte i nyrydningsbruka på Songmoen. For å unngå at Våvasslia vart kjøpt opp til dette formålet, vart garden i 1935 pløyd opp, for å dokumentere at det var drift på garden.

Til historisk oversikt