Rømmeslettet

Rømmeslettet grensa på eine sida til Øyslettet midt på Åmottjønna, og på andre sida til Gisvoldslettet. I 1662 gav Rømmeslettet 20 lass høy, som gav 1 ort 16 sk i skatt.

Det kunne være handel med engsletta. I 1666 finn vi følgjande: «Stod och fest lensmand i Ørchedal Christen Nielsen et engslet i Rømme almending kaldis Schotlj som Olle Haranger for hannemføhr hafur opladt, och gaf i første bøgsel penger 2 Rdr. Dette er vanskeleg å plassere. Det kan være Rømmeslettet, eller ein del av Skotlia, eller ein del av Øyslettet som seinare er gått inn i Skotli-eiendommen.

Rømmeslettet vart ca. 1818 delt i to mellom Eggan og Sundli, samtidig som resten av Gisvoldslettet vart delt mellom dei samme eigarane.

Sundli hadde eiendommene her til 1911, da det vart salg til Bent Larsen Haugen. Han solgte i 1913 til Sognli Jaktklubb A/S.

Eiendommene som Eggan hadde vart i 1853 solgt til Arnt Mikkelsen Haugen og Peder Larsen Tverdal. Også disse eiendommene havna dermed på Ustjåren.

Frå 1913 vart eiendommene ein del av Sognli Jaktklub A/S

Til historisk oversikt