Skottlia

Skottlia er området frå Øyaslettet oppom Åmottjønna til Jamtgardsbekken som renn ned i Grytdalen nedom Skothaugane. Mot sør er grensa Grytdalselva og videre myrdraget og bekken som renn ned i Åmottjønna. Grensa er altså bekken som renn i botn parallelt med veien til Hjortdalen, der veien går nedover frå Songlitjønna og ned mot Grytdalen. Skotlia var på 1600-tallet ein del av Børsa, men grensene skifta etter at området vart lagt under gardar i Orkdal.

Det var fastbuande på Skotlia berre ein kort periode, dokumentert bare ved koppskatten i 1645. Da var det to ødegårdsmenn her: Anders Skottlj og hans hustru og Christoffer Skottlj og hans hustru.

Etter at bosettinga var over vart området brukt til mange engslåtter.

  • Jamtgardslettet eller Stokksætra var eid av geitastrandgardane Almli og Sletvold, men  solgte til Jamtgard i Gangåsvass bygda, som solgte til Thams i 1906. Her er det store murar etter hus, og den sannynlege plasseringa av garden Skotlia på 1600-tallet. Eiendommen er delt opp i fie eiendommar, 244/6 og 7 Stokksæter østre, 244/8 og 9 Vestre Stokksæter.
  • Gjølme hadde Vollaslettet, mellom Stokksætra og Jamtgardbekken. Dette vart i 1740 bygsla bort til Ivar Olsen Lien.
  • Andøl hadde engsletter med verdi 24 lass høy, som gav 2 ort i skatt (1664 og 1669). Hov prøvde rundt 1660 å få rettane til dette engslettet, men tapte rettsaka. Dette engslettet fekk seinare matrikkelnummer 248/4 Skotlien øst kjøpt av Songlia, og 254/2. Eiendommen går over toppane av søndre og vestre Skotthaugane, har Østre Skotthaugen, og går langs Grytdalselva til Øyaslettet.
  • Harrangen hadde området opp for engslettet til Andøl, mellom Øyslettet og Jamtgardslettet. i 1661 var verdien 12 sk for 6 lass høy for Skotli engslett og var skyldsatt til 6 ml.. I 1666 var verdien 16 lass høy som gav 1 ort 8 sk i skatt, og eiendommen var skyldsatt til 6 ml. Eiendommen vart delt opp i fem eiendommer: 250/2 Harangslettet,250/5 Meenget nordre, 250/6 Meenget nordre, 250/8 Skotliheia, og 250/9 Melåsslettet nordre.

Til historisk oversikt