Ytre Våvassli

Ytre Våvasslia ligg i Snillfjord. Etter svartedauen låg han øyde til futen i Fosen bygsla han bort til Peder Pedersen i 1635.[1]

Ved koppskatten i 1645 er Laurits leilending, gift med Marit.[2]

I 1647 er Laurits leilending på garden på 18 ml, eid av kongen. Ved kvegskatten i 1658 har han ein hest, 15 kyr, 14 geiter og 12 sauer, og betaler 1 dlr 3 ort i skatt. Ved manntallet i 1664 er skylda på 18 ml, Laurits på 60 år er leilending, har ein knegt på garden, Jfver på 20 år.Ved manntallet i 1701 er fattig mann Hallsten Ifwersen på 59 år oppsitter, og har ein sønn Ifver på 20 år.

Ved matrikkelutkastet i 1723 fikk Ytre Våvassli matrikkelnummer 300 i Hemne tinglag. Garden låg øde, og hadde gjort det i mange år, og var uten hus. Assistentråd Skjøller var eier. Garden hadde skog til brenne, men inga kvern og ikkje fiskeri. Garden ligg i solsiden, men var tungvunden. Det kunne såes 1,5 tønne havre, og høstes 20 sommerlass høy. Garden kunne ha ein hest, tre kyr, to ungnaut og seks småfe. Gammel takst var på 18 ml, men vart no nedsatt med 6 ml til 0,5 øre.

I 1758 kom garden i bondeeie. Da kjøpte Ole Knudsen Våvassli garden av Anna Margreta Hjort. [3] Han var sannsynlegvis frå før husmann på Indre Våvassli som han kjøpte i 1776

Ved matrikkelrevisjonen i 1838 var garden ubebodd og delt i to deler på 9 ml kvar. Ny skyld på kvar gard vart 1 ort 8 skilling. Eigar av den eine gardparten var Gadebusch på Aunemo i Orkdal, mens den andre var eid av Lars Erichsen Gjelden og Engel Nedre-Eggen.

Gabriel Gadebusch kjøpte sin halvpart av Ytre Våvassli i 1813, med sikkerhet i ein obligasjon frå faren, kjøpmann Ditlev Gadebusch i Trondheim. Denne Ditlev Gadebusch var ein av figurane i skuespellet om bryllupet på Fannrem i 1806 som var omtalt i Orkdal historielag si årboka for 2017.

[1] Hemneboka 1, fram til 1700, side 216

[2] Koppskatten Fosen side 20, ødegårdsmann nr. 43

[3] Historien om Songli-Direktoratet for Naturforvaltning-notat 4-2003

Til historisk oversikt